Ein ny stor studie av databruk i skulen, SMIL-studien: «Samanhengen mellom IKT og læringsutbytte», syner klåre teikn på at skoen ikkje lenger trykkjer når det gjeld teknologitilgang, men heller når det gjeld elevars digitale kompetanse og lærarars digitale klasseleiing.
I praksis vil dette seie at digitale skilje oppstår mellom elevgrupper alt etter kva som er deira evne til å bruke teknologien på ein fagleg stødig måte i skulesamanheng og digitalt kompetente lærarar er avgjerande for dette.
Studien avdekkjer at dette òg er knytt til elevanes sosiale bakgrunn og at ein dermed ser konturane av ein digital Matteus-effekt.
Kilde: Bergens Tidende
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar