Bilete av barn på nett

10. januar 2011

Det er ikkje lov å legge ut bilete av vaksne utan samtykke. Kva så med bilete av barn? Kan foreldre publisere det dei vil?

Svaret på det er nei! Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek ei avgjersle for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er.
  • Når barnet er fylt 7 år, har det rett til å få seie si meining om saka.
  • Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
  • Når barnet er fylt 15 år, avgjer det sjølv om eit bilete av han/henne skal publiserast på internett.
Slettmeg.no

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

 
Design by Pocket Blogger Templates - Banner image: Photo: Jon Hoem.